Nulltoleranse
Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenkjande åtferd som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det er di eiga oppleving av korleis du har det på skulen som avgjer om skulemiljøet er trygt og godt.
Slik går du fram
Du har rett til å ha det bra, og dei vaksne rundt deg skal hjelpe deg dersom du ikkje har det trygt og godt på skulen, i leksehjelps- eller skulefritidsordninga. Dette kan du eller foreldra dine gjere:
Snakk med skulen først. Sei ifrå til ein vaksen på skulen, for eksempel rektor eller kontaktlærar, om korleis du har det.
Skulen skal lage ein plan for korleis dei vaksne på skulen skal hjelpe deg. Du har rett til å sjå planen og til å seie kva du meiner om han.
Dersom det ikkje blir betre – sei ifrå til oss. Dersom du etter ei veke framleis opplever at skulen ikkje tek tak i saka di, kan du melde frå til Statsforvaltaren.
Elevar og foreldre kan bruke dette skjemaet til å melde frå om mobbing eller dårleg skulemiljø. Har du eID slik at du kan logge inn med ID-porten, vel du skjemaet med innlogging. Dersom du ikkje kan logge inn med ID-porten, brukar du skjemaet utan innlogging.
Ofte stilte spørsmål
- Vi ringer deg så snart vi kan, og du får forklare korleis du har det.
- Du kan sjølv velje om du vil snakke med oss – det er heilt opp til deg.
- Etter at vi har snakka med deg, tek vi kontakt med skulen.
Skulen har ei veke på seg til å gjere eleven og foreldra trygge på at dei vil gjere noko med situasjonen. I dei fleste tilfelle finn skulen gode løysingar saman med elevane og foreldra. Dersom det ikkje blir betre, eller tiltaka ikkje er gode nok, kan Statsforvaltaren starte ei sak.
- Vi ber skulen dokumentere kva dei har gjort for å hjelpe deg.
- Foreldra dine får òg vite kva skulen har svart, og kan seie si meining.
- Vi ber skulen om informasjon om kva dei har gjort for å hjelpe deg.
- Foreldra dine får òg vite kva skulen har svart, og kan seie si meining.
- Vi skriv eit brev til skulen der vi vurderer om skulen har gjort det lova seier at dei skal gjere for at du skal ha det trygt og godt på skulen. Dette blir kalla eit vedtak.
- Dersom skulen ikkje har gjort nok, kan vi bestemme at skulen må gjere meir for at du skal få det trygt og godt.
Dersom du eller dei føresette er usamde i det Statsforvaltaren har bestemt, kan de klage på vedtaket vårt. Vi vurderer saka på nytt, og sender ho vidare til Utdanningsdirektoratet dersom vi ikkje blir samde. Då gjer Utdanningsdirektoratet ei ny vurdering.
////Lenke til klagerettleiar
Kunstig intelligens (KI) kan være et godt hjelpemiddel når du skal skrive en klage, men vær klar over at KI‑verktøy kan gjøre feil. Noen av klagene vi får inn, er så generelle at vi har problemer med å forstå hva brukeren faktisk klager på.
Dersom du bruker KI‑verktøy til å skrive klagen, anbefaler vi at du ber om en kort klage som tydelig forklarer hvorfor du er misfornøyd med et vedtak eller en tjeneste. Husk å sjekke innholdet i klagen før du sender den inn.
Det fysiske skulemiljøet
Det fysiske miljøet i barnehagar, skular og skulefritidsordningar er regulert i forskrift om helse og miljø i barnehagar, skolar og skulefritidsordningar (2023). Tidlegare var dette samla i ei eiga forskrift, men reglane er no knytte til folkehelselova.
Formålet med forskrifta er å bidra til at miljøet fremjar barn og elevar si helse, trivsel, leik og læring, og at sjukdom, skade og alvorlege hendingar blir førebygde.
Barn, elevar og føresette skal få informasjon om:
- kva krav forskrifta stiller til det fysiske miljøet
- kven dei kan ta kontakt med dersom dei meiner krava ikkje blir oppfylte
Dersom barn, elevar eller føresette meiner at krava i forskrifta ikkje er følgde, kan dei:
- Ta kontakt med skulen eller barnehagen først
- Dersom forholda ikkje blir følgde opp innan rimeleg tid, kan dei ta kontakt med kommunen som tilsynsstyresmakt
Kommunen skal då vurdere om det er grunnlag for å følgje opp saka gjennom tilsyn. Føresette og elevar kan også be kommunen om å gi pålegg etter folkehelselova, til dømes om retting av forhold eller stansing av verksemd.
Føresette og elevar kan klage dersom kommunen:
- ikkje følgjer opp saka som tilsynsstyresmakt
- avslår å gi pålegg etter folkehelselova
Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir saka sendt til statsforvaltaren, som er klageinstans og behandlar saka endeleg.
Nettstaden ung.no har ei eiga temaside om mobbing. Her finn du òg meir innhald om skulekvardagen. Ung.no er det offentlege sin informasjonskanal for ungdom.