Klage til Statsforvaltaren

Oppdatert 4. juni kl. 09:07

Når kommunen eller eit anna offentleg forvaltningsorgan gjer eit vedtak som gjeld deg, har du rett til å klage. Du kan også klage dersom du er misnøgd med ei teneste frå det offentlege. 

Eg har fått eit vedtak som eg vil klage på

Dersom du vil klage på eit vedtak, skal du alltid sende klagen din til den instansen som gjorde vedtaket.

Når du sender inn ein klage, vil instansen som fatta vedtaket gå gjennom saka di på nytt. Dei vurderer både klagen og innvendingane dine. Dersom dei meiner at klagen gir grunnlag for det, kan dei endre eller oppheve sitt eige vedtak. Dersom dei likevel kjem fram til at vedtaket skal stå som det er, sender dei saka vidare til oss. Vi behandlar saka og fattar endeleg vedtak.

Kven kan sende ei klage?

Den som er part i ei sak, har rett til å klage på enkeltvedtak. Eit enkeltvedtak er eit vedtak som gjeld rettar til éin eller fleire bestemte personar.

Klagerettleiar

Forvaltningslova seier at du har rett til å klage på enkeltvedtak frå offentlege organ dersom du er part eller har rettsleg klageinteresse i saka. Part i saka er den personen som avgjerda rettar seg mot eller som saka direkte gjeld. Private personar kan vere enkeltpersonar eller private rettssubjekt. 

Kva rolle har du?

Slik klagar du – trinn for trinn

1

Les om klagerett i vedtaksbrevet
Vedtaksbrevet har informasjon om klagerett. I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Hvis du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte dei som har gjort vedtaket slik at du kan få råd og rettleiing.

2

Klagefrist
Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet då du mottok vedtaket. Dersom du får vedtaket digitalt, begynner klagefristen å gå frå det tidspunktet du vart varsla via SMS eller e-post – uavhengig av om du opnar brevet eller ikkje. 

Du er innanfor klagefristen hvis du sender eller postlegg klagen før fristen går ut. Dersom du klagar etter klagefristen, kan klagen din bli avvist. I nokre tilfelle kan instansen velje å behandle klagen din sjølv om du klagar etter fristen, men det tryggaste er å klage innan fristen går ut.

Du kan søkje om å få forlenga klagefristen, I så fall bør du skrive kva som er årsaka  til at du treng å få forlenga klagefristen. 

Klagefristen på tre veker gjeld ikkje for klage på sluttvurdering. Klage på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar er ti verkedagar.

3

Manglar vedtaket ei grunngjeving?
Dersom vedtaket du har fått ikkje er grunngjeve, kan du krevje ei grunngjeving frå instansen som gjorde vedtaket. Du må sende krav om grunngjeving før klagefristen er ute. I slike tilfelle blir klagefristen rekna frå den dagen du får den utfyllande grunngjevinga for vedtaket.

4

Innhaldet i klagen
I klagen må du: 

  • skrive kva vedtak du klagar på
  • ta med årsaka til at du klagar
  • skrive kva endringar du ønskjer i vedtaket
  • eventuelt andre opplysningar som kan påverke saka
  • gjerne nemne datoar, spesielt viss du klagar tett inntil klagefristen

Du må underteikne klagen, anten med vanleg underskrift eller digitalt, dersom det er lagt til rette for det. 

5

Dei som har gjort vedtaket, vurderer saka på nytt
Når instansen som har gjort vedtaket får klagen din, går dei gjennom saka på nytt. Dei kan oppheve eller endre sitt eige vedtak i din favør dersom klagen gir grunnlag for det. Dersom instansen held fast på sitt eige vedtak, blir saka send vidare til klageinstansen, som gjer endeleg vedtak i saka.

Dersom du får medhald i klagen din, får du tilsendt eit nytt vedtak. Viss du er nøgd med det nye vedtaket, stoppar saka di der. Du har klagerett også på det nye vedtaket. 

Dersom instansen held fast på vedtaket sitt, det vil seie at dei ikkje gir deg medhald i klagen din, sender dei klagen din og dei tilhøyrande saksdokumenta til oss. 

6

Statsforvaltaren vurderer klagen din
Vi får klagen frå instansen som gjorde vedtaket, og er klageinstansen som skal behandle klagen. Vi ser til at saka er så godt opplyst som råd. Om nødvendig kan vi be om fleire opplysningar eller undersøkingar. Statsforvaltaren vurderer alle sider av saka, og kan også ta omsyn til nye omstende.

Vi kan anten

  • stadfeste det tidlegare vedtaket i saka
  • gjere nytt vedtak i saka
  • eller oppheve vedtaket og sende saka tilbake til instansen som først behandla saka. Instansen kan få saka til heilt eller delvis ny behandling. 
7

Kor lang er saksbehandlingstida?
Saksbehandlingstida varierer alt etter kva sakstype det er og kor stor saksmengda vår er. 

Dersom vi ikkje klarer å behandle klagen din innan det er gått ein månad, informerer vi deg om det. Om mogleg opplyser vi da om kva som er venta saksbehandlingstid. 

Eg er usamd i det endelege vedtaket og vil gå vidare med saka

Når Statsforvaltaren har avgjort ei klagesak, er den ordinære klageprosessen avslutta. Dersom du framleis meiner at vedtaket er feil, finst det nokre moglege vegar vidare:

Dersom du meiner at eit vedtak frå offentleg forvalting er feil, eller at saka di ikkje er blitt behandla på riktig måte, kan du klage til Sivilombodet. Før du kan klage til Sivilombodet, må du ha brukt alle andre klagemoglegheiter. Sivilombodet vurderer klager som gjeld statleg, kommunal og fylkeskommunal forvalting. Det er gratis å klage til Sivilombodet.

Les meir på Sivilombodets nettside om korleis du sender inn ein klage.

Du kan bringe saka inn for retten (gå til søksmål). Dette er aktuelt dersom du meiner at vedtaket er lovstridig eller ugyldig. Å bringe ei sak inn for retten kan gi deg høge kostnader. Dersom du taper, må du vanlegvis betale også motparten sine sakskostnader. Det kan vere fornuftig å rådføre seg med ein advokat eller juridisk rådgivar før du bestemmer deg. Undersøk om fagforeiningar, forsikringar eller medlemskap i organisasjonar kan gi deg juridisk rettshjelp eller rådgiving.

Dersom du har låg betalingsevne, kan du i nokre sakstypar ha rett på fri rettshjelp, men normalt får du ikkje støtte til advokatbistand i saker overfor offentlege forvaltningsorgan. Dette er fordi kommunale og statlege verksemder har plikt til å rettleie deg innanfor sine fagområde.

Eg er misnøgd og vil klage på ei teneste 

Dersom du er misnøgd med ei teneste du får, er det ofte ein god start å ta dette opp direkte med verksemda som gir eller har gitt deg tenesta. Det kan handle om innhaldet i tenesta, forseinkingar, vanskeleg kommunikasjon, eller lite informasjon og medverknad.

Dersom saka di ligg innanfor Statsforvaltaren sitt arbeidsområde, kan vi hjelpe deg vidare.

Elevar og foreldre (eller føresette) kan melde frå til Statsforvaltaren.

Les meir og finn skjema.

Både barn og vaksne kan klage på barnevernet. 

Les meir og finn skjema.

Du kan klage til Statsforvaltaren dersom du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått. Du kan òg klage på manglande helsehjelp, eller dersom du meiner at du har rettar som ikkje er oppfylte. Når du bruker dette skjemaet, får vi dei opplysningane vi treng for å kunne vurdere klagen din. Du må logge inn med ID-porten for å bruke skjemaet.

Kven er du?

Du kan sende inn skjemaet for deg sjølv, eller andre kan sende det på dine vegner. Dersom nokon skal klage på vegner av deg, treng dei fullmakt frå deg. Dersom du skal sende inn skjemaet som advokat, er det viktig at du vel aktørrolla for verksemda di når du loggar inn.

Gå til skjema

Gjeld saka eit uventa dødsfall eller alvorleg skade?

Dersom saka gjeld eit uventa dødsfall eller alvorleg skade etter at du eller ein av dine næraste har motteke helsehjelp, kan du  melde frå om alvorleg hending på nettstaden melde.no. 

Dersom du er uroa for korleis ei verje eller ein representant utfører oppgåvene sine, kan du melde frå til Statsforvalteren. Uansett kva rolle du har, kan du sende inn bekymringa di. 

Ei bekymringsmelding bør innehalde:

  • namnet på verja eller representanten
  • namnet på personen som har verje
  • grunnen til at du er uroa
  • informasjon om kven du er og kva relasjon du har til dei som er involverte

Send melding til vergemålsavdelinga hos Statsforvalteren.

Du kan lese mer på vergemal.no om hva som skjer når du sender en bekymringsmelding til oss.

For å klage på et vedtak eller tjenester fra NAV sosialtjeneste (for eksempel økonomisk sosialhjelp), sender du alltid klagen til ditt lokale NAV-kontor først. Klagefristen er 3 uker. Hvis NAV ikke gir deg medhold, sender de klagen automatisk videre til Statsforvalteren for endelig avgjørelse.

1: Skriv klagen
Du kan skrive klagen selv på et vanlig ark, bruke NAVs klageskjema, eller klage digitalt via NAV Klage og anke ved å logge inn. Hva den må inneholde: Hvilket vedtak du klager på, hva du er uenig i, hvorfor du mener vedtaket er feil, og din egen signatur.

2. Send til ditt NAV-kontor
Selv om det er Statsforvalteren som skal behandle klagen hvis NAV står på sitt, må den sendes til avdelingen i NAV som fattet vedtaket.

3. Hva skjer videre?
NAV vil gå gjennom saken din på nytt. Får du medhold, omgjøres vedtaket, og du får innvilget det du har krav på. Er NAV uenig i klagen din, plikter de å sende den videre til Statsforvalteren i ditt fylke for en ny rettslig vurdering.

Trenger du hjelp?
Hvis du ønsker veiledning eller trenger hjelp til å skrive klagen, kan du kontakte NAV Kontaktsenter eller oppsøke ditt lokale NAV-kontor for bistand.

Vi kan hjelpe deg med saker som ligg innanfor vårt arbeidsområde.

Saker som ligg utanfor vårt ansvarsområde, og som vi ikkje kan hjelpe deg med, er til dømes:

  • klager på private verksemder og tenester
  • usemje mellom privatpersonar (naboforhold, private avtalar osv.)

Ofte får vi varsel om saker som skal til andre myndigheiter:

  • Varsel om skattesnusk og svart arbeid skal til Skatteetaten.
  • Du kan tipse Arbeidstilsynet om saker og forhold du meiner er kritikkverdige på både din eigen og andre arbeidsplassar.
  • Send klager på forsøpling og ureining til kommunen. 
  • Mistanke om menneskesmugling eller valdskriminalitet skal meldast til politiet.
  • Mattilsynet tek imot tips om dyrehelse eller dårleg kvalitet på mat.
  • Vi kan ikkje hjelpe med pasientskadeerstatning. Det er ikkje eit myndigheitsområde.

Bruk av KI-verktøy til å skrive ein klage

Kunstig intelligens (KI) kan vere eit godt hjelpemiddel når du skal skrive ein klage, men ver klar over at KI-verktøy kan gjere feil. Nokre av klagane vi får inn, er så generelle at vi har vanskar med å forstå kva brukaren eigentleg klagar på.

Dersom du brukar KI-verkøy til å skrive klagen, tilrår vi at du ber om ein kort klage som tydeleg forklarer kvifor du er misnøgd med eit vedtak eller ei teneste.

Hugs å sjekke innhaldet i klagen før du sender inn ein klage.