Nyhende
Rekordmange kommuneplanar på offentleg ettersyn i Vestland i år
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete seier at ho er svært glad for at mange kommunar no arbeidar aktivt med å revidere overordna planar. Heile 23 av 43 kommunar i Vestland kan liggje an til å ha offentleg høyring av arealdelen til kommuneplanen i 2026.
Gav forsvarleg helsehjelp, men braut varslingsplikta og plikta til å ivareta dei pårørande
Vi har ført tilsyn med Loddefjord legesenter og Bergen legevakt etter at ei jente døydde av lungeemboli. Vi har kome til at jenta fekk forsvarleg helsehjelp, men Bergen legevakt braut varslingsplikta og plikta til å ivareta dei pårørande.
Rettleiing til kommunane om klagesaker etter plan- og bygningslova
Vi har sendt ut eit brev til kommunane for å klargjere nokre tema og problemstillingar vi ser i handsaming av klagesaker etter plan- og bygningslova. Mellom anna gjev vi rettleiing og informasjon om sakshandsamingsreglane i naturmangfaldlova.
Stadfestar reguleringsplanen for Holmaneset
Vi stadfestar Bremanger kommune sitt vedtak om å godkjenne reguleringsplanen for hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset.
Revidert nasjonalbudsjett 2026 og kommuneproposisjonen for 2027
Framlegg til revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2026 og kommuneopplegget for 2027 vart lagt fram 12. mai.
Planen for oppdrettsanlegg i Plommevika er sendt til endeleg avgjerd i KDD
Statsforvaltaren tilrår i oversending til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) at detaljreguleringsplanen for Plommevika ved Hardangerfjorden i Ullensvang kommune ikkje vert godkjend.
Altinn-roller blir erstatta av tilgangspakkar
Brukar du Statsforvaltarens skjema på vegner av ei verksemd, bør du lese om endringane som vil komme. Tilgang til tenester og skjema via roller opphøyrer ved utgangen av året. I staden treng du fullmakt via ein tilgangspakke. Det er verksemda di som gir tilgangspakkar.
Statsforvaltaren opphevar planvedtak i Kinn
Vi har oppheva Kinn kommune si avgjerd om å avslutte planprosessen for Måsholmen - Håskjera, næring og hamn. Dette betyr at Kinn kommunestyre må ta stilling til reguleringframlegget på nytt.
Semje i seks av sju meklingspunkt i Kinn
I meklinga 17. april om uløyste motsegner til arealdelen til kommuneplanen for Kinn vart det oppnådd semje i seks av totalt sju meklingspunkt.
Statsforvaltaren opphevar alkoholpolitisk retningslinje
Vi opphevar Bergen kommune si alkoholpolitiske retningslinje som forbyr skjenking på stadar som tilbyr stripping, topplausservering og liknande som del av driftskonseptet. Det ligg ikkje føre ei alkoholpolitisk vurdering som grunngjev forbodet.