Nyhende
Vi fotograferer verneområda
I år vil vi bruke drone til å fotografere 44 eksisterande og planlagte verneområde i fylket. Gode bilde er eit viktig verktøy i saksbehandlinga vår.
Framleis utfordrande kommuneøkonomi
Resultata for 2025 var betre enn i 2024, men fleirtalet av kommunane i fylket har framleis negativt netto driftsresultat.
Webinarserie: Klima, energi og planlegging i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar og nettselskap til ein webinarserie om oppfølging av Statlige planretningslinjer for klima og energi (SPR KE).
Fem verneområde for skog i Møre og Romsdal
Kongen i statsråd vedtok i dag å verne 35 skogområde, der fem ligg i Møre og Romsdal. Dei er spreidd i heile fylket og inneheld naturtypar som manglar i dei verneområda vi har frå før.
Ny meldeordning for alvorlege hendingar: Helsedirektoratet lanserer guide for læring og forbetring
Frå 1. juli blir det innført ei ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta. Helsedirektoratet har derfor laga ein praktisk guide som skal støtte læring og forbetring etter slike hendingar.
Ja til nytt vassbehandlingsanlegg i Moltudalen
Statsforvaltaren har stadfesta reguleringsplanen for Herøy vassverk. Planen legg til rette for eit nytt vassbehandlingsanlegg som skal sikre betre vasskvalitet for majoriteten av innbyggjarane i Herøy kommune.
Retiro-dokumenta kan førebels haldast internt i Molde kommune
Molde kommune avslo eit innsynskrav i interne, førebuande dokument til plansaka på Retiro. Statsforvaltaren stadfestar avslaget i denne omgang.
Åfarnes og Eidsbygda får ikkje turiststad-status
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har konkludert med at bygdene Åfarnes og Eidsbygda ikkje skal få status som typiske turiststader.
Tilsyn ved skipsverft i Møre og Romsdal: Manglar i utsleppskontroll og internkontroll
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført ein større tilsynsaksjon ved skipsverft i fylket. Målet har vore å sjå til at verksemdene følger regelverket for utslepp og internkontroll etter forureiningsforskrifta kapittel 29.
Er det risiko for ufrivillige utanlandsopphald og negativ sosial kontroll blant barn og vaksne i din kommune?
For nokre kan eit ufrivillig utanlandsopphald innebere at dei blir utsette for negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, barneekteskap, tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller andre former for vald og overgrep.