Oskespreiing

Oppdatert 18. juni kl. 09:48

Vil du spreie oska di i naturen som eit alternativ til gravlegging? Då må du, eller dei etterlatne, søkje om løyve.

Kva er oskespreiing?

Oskespreiing er eit alternativ til gravlegging. Oska etter ein avdød må spreiast på ein godkjend stad.

Kven kan få løyve?

  • du sjølv – om du er over 15 år
  • etterlatne som kan dokumentere at avdøde ønskte dette
  • foreldre til avdøde barn under 18 år

Kvar er det lov å spreie oske?

  • i fjordar, elvar, vassdrag og ferskvatn med eit aude preg
  • i område som ikkje er utbygd og som har eit aude preg