Kva er oskespreiing?
Oskespreiing er eit alternativ til gravlegging. Oska etter ein avdød må spreiast på ein godkjend stad.
Kven kan få løyve?
- du sjølv – om du er over 15 år
- etterlatne som kan dokumentere at avdøde ønskte dette
- foreldre til avdøde barn under 18 år
Kvar er det lov å spreie oske?
- i fjordar, elvar, vassdrag og ferskvatn med eit aude preg
- i område som ikkje er utbygd og som har eit aude preg
I utbygde område, stader med mykje båttrafikk eller på strender får du normalt ikkje løyve.