Korleis er økonomien din?
Offentleg støtte til rettshjelp er behovsprøvd, og har som mål å gjere rettshjelp tilgjengeleg for fleire. Når du søkjer om fri rettshjelp, gjer vi ei heilskapleg vurdering av betalingsevna di. Det vil seie at vi ser på kor mykje du tener, kva du har av utgifter og kva du har av gjeld og formue. Dersom du har utgifter til barn, tek vi omsyn til det. Vi ser òg på økonomien til ektefelle eller sambuar.
Du må logge inn med ID-porten for å kunne bruke skjemaet.
Før du søkjer
Sjekk først om du kan få hjelp på andre måtar. Du har som hovudregel ikkje rett til fri rettshjelp dersom du kan få juridisk bistand gjennom
- forsikringar
- fagforeiningar
- andre organisasjonar du er medlem i
Sjekk difor alltid desse moglegheitene først. Kommunale og statlege verksemder har plikt til å rettleie deg på sine fagområde.
Om du får fri rettshjelp, må du betale ein egenandel av utgiftene.
Egenandelen blir fastsett med utgangspunkt i betalingsevna di, og kan vere mellom 1 og 99 prosent av kostnaden for rettshjelpa, avhengig av økonomien din. Eigendelen blir brukt til å dekkje arbeidet til advokaten og eventuelle utgifter advokaten har hatt. Det er Statens innkrevjingssentral som krev inn egenandelen.
Nokre saker er ikkje behovsprøvde, og då skal du ikkje betale egenandel. Du skal heller ikkje betale eigenandel dersom betalingsevna di er lågare enn grunnbeløpet i folketrygda.
Slik søkjer du
Bruk rettshjelpskalkulatoren for å finna ut om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp. Her kan du også sjå ei førebels berekning av kva eigendelen blir.
Det digitale søknadsskjemaet rettleier deg gjennom spørsmåla. I saker som er behovsprøvde hentar skjemaet automatisk inn opplysningar om økonomien din, så sant det finst tilgjengelege skattedata.
Før du sender inn søknaden, får du eit førebels svar på om du kan ha rett på fri rettshjelp. Du får også ei førebels berekning av eigendelprosenten, altså kor stor del av utgiftene du sjølv må rekna med å betala.
Sivilrettsforvaltninga har meir informasjon om kva sakstypar som kan gi rett til fri rettshjelp.
Om du bur i utlandet og har ei sak i Noreg, er det Statsforvaltaren i det fylket som anten du eller saka har nærast tilknyting til, som behandlar søknaden.
Viss verken du eller saka har tilknyting til eit fylke, blir søknaden behandla av Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Også viss søknaden gjeld fri rettshjelp til ei sak i utlandet, skal du senda søknaden til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.