Fri rettshjelp

Oppdatert 11. mai kl. 12:27

Treng du juridisk hjelp, men har låg betalingsevne? Då kan du ha rett til fri rettshjelp. Ordninga gjeld berre saker av spesielt stor personleg og velferdsmessig betydning.

Korleis er økonomien din?

Offentleg støtte til rettshjelp er behovsprøvd, og har som mål å gjere rettshjelp tilgjengeleg for fleire. Når du søkjer om fri rettshjelp, gjer vi ei heilskapleg vurdering av betalingsevna di. Det vil seie at vi ser på kor mykje du tener, kva du har av utgifter og kva du har av gjeld og formue. Dersom du har utgifter til barn, tek vi omsyn til det. Vi ser òg på økonomien til ektefelle eller sambuar.

Er du advokat eller rettshjelper?

Før du søkjer

Sjekk først om du kan få hjelp på andre måtar. Du har som hovudregel ikkje rett til fri rettshjelp dersom du kan få juridisk bistand gjennom

  • forsikringar
  • fagforeiningar
  • andre organisasjonar du er medlem i

Sjekk difor alltid desse moglegheitene først. Kommunale og statlege verksemder har plikt til å rettleie deg på sine fagområde.

Slik søkjer du

1

Bruk rettshjelpskalkulatoren for å finna ut om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp. Her kan du også sjå ei førebels berekning av kva eigendelen blir.

2

Det digitale søknadsskjemaet rettleier deg gjennom spørsmåla. I saker som er behovsprøvde hentar skjemaet automatisk inn opplysningar om økonomien din, så sant det finst tilgjengelege skattedata.

Før du sender inn søknaden, får du eit førebels svar på om du kan ha rett på fri rettshjelp. Du får også ei førebels berekning av eigendelprosenten, altså kor stor del av utgiftene du sjølv må rekna med å betala.