Kommunebilde

Oppdatert 13. mars kl. 10:53

Kommunebilde er eit digitalt verktøy. Vi brukar det for å samle kunnskap om ein kommune og vurdere tenester og forvaltningsområde.

Målet med kommunebilde

Statsforvaltaren har ansvar for å rettleie kommunane på mange område. Vi har derfor jamleg kontakt med kommunane. Kommunebilde hjelper oss med å samle og systematisere kunnskap om kvar kommune, og vi brukar kommunebilde som grunnlag for dialog i møte og ved kommunebesøk.

Målet med kommunebilde er å peike ut område der kommunen bør setje inn tiltak for å sikre forsvarlege og berekraftige tenester. 

Verktøyet gjer det òg enklare å tilpasse bruken av våre verkemiddel etter kommunen sine behov – til det beste for innbyggjarane.

Grunnlaget for kommunebildet er analysar, statistikk, tilsyn, klagesaker og kommunale styringsdokument. Verktøyet viser situasjonen i kommunen på eit gitt tidspunkt. Informasjonen er tilgjengeleg for alle, og kan gi kommunalt tilsette og politikarar nyttig innsikt i lokale utfordringar. 

Eit kommunebilde viser vurderingar av kommunens styrkar og svakheiter, og dessutan eit framtidsbilde der vi vurderer kommunens grad av berekraft og handlingsrom. 

Vurderingane våre er visualiserte med trafikklys:  

  • Grøn: God tilstand 
  • Gul: Middels tilstand 
  • Raud: Svak tilstand 

Fargen speglar kvalitet, sårbarheit og berekraft, og dessutan risikoen for avvik frå lov, forskrift eller god praksis. Saman med fargen følgjer det ei kort vurdering og grunngjeving.