Sjå alle skjema og tenester
Finn du ikkje eit passande skjema?
Dersom du ikkje finn eit passande skjema eller teneste til ærendet ditt, kan du bruke kontaktskjemaet vårt viss du skal
- sende sensitivet opplysningar til oss
- ettersende dokument til ei sak som er til behandling hos oss
Dersom meldinga di gjeld ei sak som allereie er til behandling hos oss, ber vi deg oppgi saksnummer.
Ver merksam på at det du sender inn via kontaktskjemaet, som hovudregel er offentleg. Opplysningane kan derfor bli synlege på postlista vår, med mindre vi har lovheimel til å unnta frå offentleg innsyn.
Her er kontaktskjema du kan bruke:
Du brukar dette skjemaet dersom du som privatperson skal ettersende dokument til ei sak som allereie er til behandling hos oss. Du kan også bruke skjemaet dersom du skal sende sensitive opplysningar til oss.
Du brukar dette skjemaet når bedrifta eller organisasjonen som du representerer, skal sende opplysningar til oss. Skjemaet kan brukast til å sende sensitive opplysningar og til å ettersende dokument.
Du brukar dette skjemaet når du har behov for å sende ei melding til verjemålsavdelinga hos Statsforvalteren, og vi ikkje har eit anna skjema som passar betre.
Bruk vanleg e-post til generelle spørsmål
Dersom du har du har generelle spørsmål eller ønskjer å kontakte oss med ei melding som ikkje har sensitive opplysninger, kan du kontakte oss direkte.