Helseerklæring offshore

Oppdatert 17. mars kl. 12:03

Du som arbeider i petroleumsverksemda til havs må ha ei helseerklæring frå ein godkjent lege. Statsforvaltaren kan gi dispensasjon frå helsekrava.  

Finn ein godkjent lege

  • Legar som kan gi attest til offshoredykkar ///Knapp – med lenke
  • Legar i utlandet som kan gi offshoreattest ///Knapp – med lenke

Dispensasjon frå helsekrava

Dersom du har ein sjukdom eller tilstand som kan vere ein risiko for tryggleiken offshore, vil du ikkje kunne reise ut utan eit dispensasjonsvedtak frå Statsforvaltaren. Dispensasjonen kan bli gitt med tidsavgrensing og sette eventuelle vilkår.

Dersom du ønskjer dispensasjon, kan du ta kontakt med petroleumslegen som har undersøkt deg. Petroleumslegen vil då gjere vidare undersøkingar og sender deretter saka over til oss.

Dersom du er usikker på om du oppfyller helsekrava, må du ta kontakt med ein petroleumslege. Petroleumslegen vil undersøke deg og avgjere om helsekrava er oppfylte.

Her er ei oversikt over helsetilstandar vi ofte får spørsmål om:

  • ADHD og Asperger: Petroleumslegen må søkje om dispensasjon.
  • Diabetes type 1: Du kan få dispensasjon for sporadiske turar. Ved behov for opphald over 1 veke eller vanlig offshorerotasjon er krava veldig strenge, og petroleumslegen må involvere helsetenesta på plattforma i dispensasjonssøknaden.
  • Diabetes type 2: Petroleumslegen treng som hovudregel ikkje søkje dispensasjon.
  • Hjartesjukdom: Etter hjarteinfarkt må det gå 6 veker etter stenting. Ved hjartesvikt eller flimmer, gjer petroleumslegen ei individuell vurdering.
  • Epilepsi: Helsekravet er ikkje oppfylt ved endra medisinering eller anfall siste 2 år. Det er vanskeleg å få dispensasjon frå dette kravet før det er gått 12 månader etter anfallet.
  • Hørselstap: Krav om bruk av høreapparat og normal taleoppfatning.
  • Psykisk sjukdom: Ved mild angst og depresjon treng petroleumslegen ikkje søkje dispensasjon. Ved alvorlig angst, depresjon eller gjennomgått psykose må petroleumslegen søkje dispensasjon.
  • Alkoholbruk: Ved alkoholmisbruk er det krav om kontrollar og samarbeid mellom petroleumslegen og bedriftslegen.
  • Narkotikabruk: Ved narkotikamisbruk er det eit krav om 6 månadar med reine prøvar, vidare kontrollar og samarbeid mellom petroleumslegen og bedriftslegen.
  • Overvekt: Petroleumslegen må sette i verk tiltak ved BMI over 35. Vekt over 120 kg eller livvidde over 115 cm kan være et sikkerheitsproblem. Petroleumslegen gjer ei individuell vurdering.
  • Syn: Synsstyrken må være minst 0,1 utan bruk av briller/linser. Dette er ikkje brillestyrken, men det talet som seier kor mykje du ser av synstavla hos legen. Dersom du brukar kontaktlinser heile døgnet, gjeld ikkje kravet om synsstyrke utan korreksjon.
  • Bruk av blodtynnande medikament: (Marevan, Xarelto etc): Krav om to månader med stabil behandling.

Ja, britiske og nederlandske helseerklæringar er godkjent og gir deg rett til å arbeide offshore i Norge. Personar med slike erklæringar er underlagt alle reglane i den norske helsekravforskrifta.

Nei, berre personar som skal reise til faste og flyttbare innretningar.

Ta kontakt med petroleumslegen din, som vil undersøke deg, og deretter sende  saka over til oss.

Legen sender då mellom anna informasjon om

  • arbeidsoppgåvene og beredskapsoppgåvene dine
  • plan for utreise (kor ofte og kor lenge)
  • namn på innretninga (viss mogleg)
  • skiftordninga
  • diagnose med utgreiing om korleis sjukdomen har innverknad på funksjonsnivået ditt

Legen gjer ei risikovurdering av om tilstanden din vil kunne skapa problem i vanleg arbeid og under ei naudsituasjon og av kompenserande tiltak. 

Ei uttale frå operatørens helseteneste arbeidsgjevar/oppdragsgjevar eller linjeleiinga kan vere av verdi for vår vurdering av dispensasjonssøknaden.

Det vil normalt gå 4-6 veker før du får svar. I periodar med stor pågang, kan det ta opp til tolv veker før du får svar.  

Vi vurderer om det er forvarleg å gi dispensasjon ut frå innhaldet i dei innsende dokumenta. Vi har høg terskel for å gi dispensasjon for tryggleikskritisk arbeid og beredskap. Dersom du får avslag eller ikkje er nøgd med vilkåra eller innhaldet i vedtaket, kan du klage gjennom petroleumslegen din.