Du må oppfylle helsekrav
Dersom ein lege, psykolog eller optikar meiner at du ikkje oppfyller helsekrava for å ha førarkort, skal han eller ho melde frå til Statsforvaltaren dersom helsekrava ikkje vil vere oppfylte igjen innan seks månader. Statsforvaltaren informerer politiet dersom førarkortet bør tilbakekallast heilt eller delvis. Politiet har òg myndigheit til å gi tilbake føreretten.
Når det gjeld helsekrav i førarkortsaker, må du i dei aller fleste tilfelle få råd og rettleiing hos legen din, optikar eller psykolog.
Dersom du har ei sak hos Politiet eller Statens vegvesen, kontaktar du dei for å få råd eller rettleiing.
Søk om dispensasjon frå helsekrava
Dersom lege, psykolog eller optikar konkluderer med at du ikkje fyller helsekrava til førarkort, er det svært vanskeleg å få dispensasjon fra helsekrava. Helsekrava til førarkort er tilpassa EUs førarkortdirektiv, og omsynet til trafikktryggleiken er avgjerande.
Dispensasjon kan ikkje flytte grensene i helsekravet. Dei fleste dispensasjonar som blir innvilga, er tilfelle der førerkortveilederen (Helsedirektoratet) opnar for det.
Vi kan ikkje legge vekt på at du treng førarkort på grunn av jobben, at du bor ein stad utan offentleg transport, eller at du har andre viktige private behov.
Det er Statsforvaltaren som gir dispensasjon frå helsekrava, bortsett fra tilfelle der søkaren har stabilt svekka førlegheit.
Viss du har stabilt svekka førlegheit er det Statens vegvesen som gir dispensasjon. Då må du levere helseattest og gjennomføre køyrevurdering der. Med stabilt svekka førlegheit meiner vi varig svekking som ikkje ligg an til å endre seg, til dømes ein manglande arm eller fot, eller fingrar som gjer at gripeevnen ikkje er normal. Du kan lese mer om dette hos Helsedirektoratet.
Du må sjølv sende ein signert søknad om dispensasjon og sende søknaden med aktuelle vedlegg til Statsforvalteren.
Ja, du kan klage til Statsforvaltaren. Dersom du ikkje får medhald hos oss, sender vi klagen din vidare til Helseklage. Helseklage er det nasjonale organet for helsesaker.
Ofte stilte spørsmål
Å køyre bil er ein rett du kan få – men berre dersom du oppfyller krava som gjeld for førarkort og helse. Derfor er det ikkje ein menneskerett å få køyre bil. Det viktigaste omsynet er trafikktryggleiken, både for deg sjølv og for alle andre som ferdast på vegane.
For å sikre trygg trafikk har styresmaktene laga ei forskrift som skildrar kva helsekrav du må oppfylle for å få eller behalde førarkort. Forskrifta er detaljert og inneheld eigne krav for ulike typar helseutfordringar og førarkortklassar. Det er Helsedirektoratet som har ansvar for desse reglane, og dei bygger på grundige medisinske vurderingar. Mange av krava følgjer òg EU-direktiv, og derfor er dei stort sett like i heile Europa – med nokre lokale tilpassingar.
Vi forstår godt at det kan kjennast svært inngripande å miste førarkortet. Kanskje opplever du det som urettferdig, særleg dersom du sjølv ikkje føler at helsa di utgjer nokon risiko. For mange betyr det å kunne køyre bil mykje – både for jobb, daglege gjeremål og sosialt liv. I eit langstrakt land som Noreg, der kollektivtilbodet kan vere avgrensa, kan det kjennast ekstra vanskeleg å miste moglegheita til å køyre.
Likevel må legen vurdere om du oppfyller helsekrava, og denne vurderinga skal vere fagleg og objektiv. Legen har ikkje lov til å ta omsyn til kva konsekvensar det vil få for deg personleg om du mistar førarkortet. Det betyr at sjølv om du har stort behov for å køyre bil, er det ikkje noko legen kan legge vekt på i vurderinga.
Som førarkortinnehavar har du ansvar for å bidra til trygg trafikk. Du har blant anna desse pliktene:
- Du må hjelpe legen eller psykologen med å vurdere helsa di.
Det betyr at du må gi riktige og ærlege opplysningar om helsesituasjonen din. - Du må følgje råd og pålegg frå lege, psykolog eller optikar.
Dette gjeld sjølv om du er usamd i vurderinga deira. - Du må la vere å køyre viss du kan vere ei fare i trafikken.
Det gjeld til dømes viss du har dårleg helse, er sjuk, trøtt, sliten, eller påverka av medisinar, alkohol eller andre rusmiddel.
Dette står i vegtrafikklova paragraf 21.
Viss du ikkje oppfyller helsekrava, betyr det at hesla di kan gjere deg til ein risiko i trafikken. Det handlar ikkje om korleis du sjølv opplever helsa di, men om den faglege vurderinga til legen opp mot dei krava som gjeld for førarkort.
Vi forstår at dette kan vere vanskeleg å akseptere, særleg viss du ikkje sjølv føler deg sjuk eller svekka. Mange opplever det som urettferdig å få avslag på førarkort eller å miste retten til å køyre. Men helsekrava er der for å beskytte både deg og andre i trafikken.
Svekka helse kan vere noko som går over. Det betyr at du kan oppfylle helsekrava igjen når helsa di har blitt betre, og du ikkje lenger utgjer ein unødvendig risiko i trafikken.
Alle som ferdast i trafikken utgjer ein viss risiko, men nokre helsetilstandar kan auke denne risikoen. Samfunnet aksepterer til ei viss grad at det fins ein auka risiko – til dømes ved bruk av enkelte medisinar som verkar inn på konsentrasjon og reaksjonsevne. Men det er ei grense for kva som er forsvarleg. Når risikoen blir for stor, må omsynet til tryggleik vege tyngre enn ønsket om å kunne køyre bil.
Det er også viktig å vite at helsekrava ikkje er like for alle førerkortklassar. Jo større skade eit køyretøy kan gjere, desto strengere er krava. Derfor er helsekrava strengast for dei som køyrer buss eller drosje (førarkortklasse 3), og har ekstra stort ansvar for passasjarer og andre trafikantar.
Eit muntleg køyreforbod er ein beskjed frå behandlaren din om at du ikkje har lov til å køyre bil, sjølv om førarkortet ditt framleis er gyldig i registera til politiet og Statens vegvesen. Du har plikt til å rette deg etter dette.
Dersom du likevel køyrer og hamnar i eit trafikkuhell, kan politiet og/eller forsikringsselskapet hente inn helseopplysningar og finne ut at du har køyrt trass i eit muntleg køyreforbod. Dette kan få konsekvensar for deg.
Kva gjer du viss du er usamd?
Viss du er usamd i vurderinga, bør du snakke med legen din. Du kan også få ei ny vurdering hos ein annan lege. Hugs då å ta med deg alle relevante helseopplysningar.
Ei køyrevurdering er ein praktisk test som kan brukast når legen din er i tvil om helsa di påverker evna til å køyre trygt. Køyrevurderinga blir gjennomført hos Statens vegvesen (trafikkstasjonen), og skal bidra til å avklare om du framleis oppfyller helsekrava for førarkort.
Korleis føregår det?
Legen sender ei tilråding til Statsforvalteren, der legen skildrar helsesvekkinga og tvilen om køyreevne. Vi vurderer om køyrevurdering er eit eigna tiltak.
Viss vi godkjenner tilrådinga, får du eit brev med informasjon om korleis du går fram:
- Du må sjølv bestille time til køyrevurdering innan fristen som står i brevet. Mange trafikkskular kan hjelpe deg med dette.
- Køyrevurderinga skjer hos Statens vegvesen, med en trafikkskulebil.
- Sjølve vurderinga er gratis, men du må betale for leige av bilen.
Etterpå får legen din ein rapport frå sensor, med ei tilråding om du bør beholde førarretten eller ikkje.
Les meir om køyrevurdering og ny førarprøve (oppkøyring) | Statens vegvesen
Hovudregelen er at du får gjennomføre berre éi køyrevurdering. Kjørevurderinga er ikkje meint som ein test du kan ta fleire gonger for å «prøve på nytt».
Etter køyrevurderinga er det legen som avgjer om du oppfyller helsekrava, basert på rapporten frå sensor og andre helseopplysningar.
Kva viss helsa mi har blitt betre?
Viss det har skjedd ei klar betring, kan legen vurdere at det igjen er grunn til tvil – og då be Statsforvalteren om ei ny køyrevurdering.
I heilt spesielle tilfelle kan legen også be om ei ny vurdering, men då må det vere godt grunngitt kvifor det framleis er tvil, og kvifor det ikkje er mogleg å konkludere ut ifrå den første vurderinga.
Statsforvaltaren kan avslå førespurnaden dersom det framstår som eit ønske om å få en ny sjanse, utan fagleg grunnlag.
Legen, psykologen eller optikaren har plikt til å melde frå til Statsforvaltaren viss du ikkje oppfyller helsekrava i førarkortforskrifta, og helsesvekkinga er forventa å vare meir enn seks månader.
Denne plikta er fastsett i helsepersonellova paragraf 34, og gir unntak frå teieplikta.
Nei, du kan ikkje klage på at det er sendt melding.
Avgjerda om å sende melding til oss er basert på ei medisinskfagleg vurdering, og slike vurderingar gir ikkje klagerett.
Viss du meiner at vurderinga er feil, kan du be om ei ny vurdering hos ein annan lege eller optikar.
Statsforvaltaren skal ivareta både rettane dine og trafikktryggleiken. Vi kvalitetssikrar derfor at meldinga frå din behandlar inneheld
- helseopplysningar som grunngir tilstrekkeleg at du ikkje oppfyller helsekrava, og at helsekrava ikkje kan bli oppfylte innan 6 månader med muntleg køyreforbod
Dersom vi er samde i vurderingane som behandlaren din har gjort, ber vi politiet om å tilbakekalle førarretten din i eit eige brev med kopi til deg. Du får då høve til å uttale deg til politiet i saka.
Klage til politiet viss føraretten blir tilbakekalt
Viss politiet tilbakekallar førarretten, har du rett til å klage på vedtaket til politiet.
Dersom klagen din inneheld nye opplysningar frå behandlar som tilssier at helsekravet likevel var oppfylt på meldingstidspunktet, sender politiet klagen din til oss. Vi tar stilling til saka på nytt og hentar eventuelt fleire opplysningar.
Dersom behandlaren din meiner at helsekravet er oppfylt igjen, kan du søke politiet om å få tilbake førarretten. Politiet har meir informasjon om dette.
Viss du trur at du kan køyre bil igjen, må du bestille time hos fastlegen din. Fastlegen kan vurdere om du oppfyller helsekrava, og eventuelt skrive ut ein helseattest. I nokre tilfelle kan fastlegen bestemme at ein spesialist (ofte ein lege på eit sjukehus) bør vurdere helsa di.
Dersom fastlegen finn at helsekravet er oppfylt, kan du søkje politiet om å få førarkortet tilbake og leggje ved helseattesten. Dersom fastlegen meiner at helsekravet framleis ikkje er oppfylt, kan du søkje Statsforvaltaren på nytt om dispensasjon. Du bør leggje ved den nye vurderinga av helsekravet frå fastlegen din i søknaden.
Dette er helseattesten som legen fyller ut (Helsedirektoratet)
Den som øvingskjører og følgjepersonen har ansvar for at helsekrava er oppfylte.
Dersom det er tvil om at helsekrava er oppfylte, bør du oppsøkje fastlegen din, som kan gjere ei vurdering. Dersom også legen er i tvil om at du oppfyller helsekrava, kan du øvingskøyre berre hos ein godkjend trafikkskule.
Du kan lese meir om øvingskjøring og helsekrav hos Helsedirektoratet.
Det generelle helsekravet gjeld alltid ved diabetes. Dersom du brukar blodsukkersenkande medisin, gjeld også andre helsekrav og du får dessutan ei avgrensing i kor lenge førarkortet er gyldig. Du som førar har plikt til å følgje råda du får frå behandlaren din.
Helsedirektoratet har meir informasjon om førarkort og diabetes i førerkortrettleiaren.