Slik går du fram
Bruk skjemaet melding frå privatperson (Altinn) slik at vi får stadfesta at du er den du gir deg ut for å vere. I emnefeltet i skjemaet skriv du at du ønskjer innsyn i adopsjonssaka di. I meldingsfeltet skriv du namna til adoptivforeldra dine og året du vart adoptert. Viss du ikkje veit kva år du vart adoptert, er det nok å skrive eit om lag årstal.
Viss du er adoptert frå utlandet, ber vi deg i tillegg skrive
- kva land du er adoptert frå
- namnet på adopsjonsorganisasjonen viss du har det
Statsforvaltaren kan, etter søknad frå begge foreldra, stadfeste avtalar om føresettansvar, fast bustad og samvær slik at avtalen får tvangskraft. Vi behandlar også klager knytte til retten til å få eller miste opplysningar om barnet etter barnelova.
Du kan òg velje å sende brev
Viss du ikkje ønskjer å bruke det digitale skjemaet vårt, kan du sende eit vanleg brev til oss for å be om innsyn. Då må brevet innehalde:
- namn, fødselsdato og adresse
- signatur (du må skrive under på brevet du sender oss)
- adoptivforeldra sine namn
- stadfesta kopi av legitimasjon med bilete (kopien må vere stadfesta av eit offentleg kontor eller ein advokat)
Send brevet til Statsforvaltaren i det fylket der adopsjonen skjedde.
Nyttig lenke
Om du er adoptert i 1999 eller seinare, får du opplysningar om biologiske foreldre hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).