Integrering og busetting

Oppdatert 12. mai kl. 12:28

Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å sikre at integreringsarbeidet skjer i tråd med lovverket. 

Integrering og busetjing – kommunen si rolle og ansvar

Kommunane har ei nøkkelrolle i integrerings- og busetjingsarbeidet. Gjennom planlegging, organisering og oppfølging av tenester legg kommunen grunnlaget for at flyktningar og andre nykomne kan delta i lokalsamfunnet, kome i arbeid eller utdanning og bli sjølvstendige innbyggjarar.

Integreringsarbeidet omfattar både strategisk leiing, god samordning av tenester og tett oppfølging av den enkelte deltakaren. Kommunen har ansvar for at arbeidet skjer i tråd med lov og forskrift, og at tenestene held forsvarleg kvalitet.

Kommunen har hovudansvaret for å rettleie eigne innbyggjarar om rettar og plikter knytte til introduksjonsprogram, opplæring og andre kommunale tenester. Dette inneber at kommunen må sikre:

  • tilgjengeleg og forståeleg informasjon
  • individuelle vurderingar og tilpassa tiltak
  • god samhandling mellom relevante kommunale tenester

Rettleiinga skal bidra til at deltakarane forstår og kan nytte seg av tilboda kommunen gir, og at tenestene støttar opp under måla i integreringsarbeidet.

Tilsyn er retta mot kommunen sitt ansvar for å planleggje, organisere og gjennomføre integreringsarbeidet i tråd med regelverket. Kommunen skal ha interne system som sikrar at lovkrav blir overhaldne, og at tenestene blir kontinuerleg vurderte og forbetra.
God internkontroll og dokumenterte rutinar er avgjerande for:

  • likeverdige tenestetilbod
  • rettstryggleik for den enkelte
  • god kvalitet i kommunen sitt integreringsarbeid

Tilsyn er òg eit viktig verkemiddel for læring og utvikling, og gir kommunane støtte i arbeidet med å identifisere forbetringsområde og styrkje praksis.

Kommunen er første instans ved klage på enkeltvedtak etter integreringslova. Dette inneber ansvar for å:

  • vurdere klaga på nytt
  • sikre at vedtak er rett grunngjevne og dokumenterte
  • rette opp feil der det er grunnlag for det

Klagehandsaming er ein del av kommunen sitt kvalitetsarbeid og gir verdifull innsikt i korleis regelverk og praksis fungerer i møte med innbyggjarane.

Eit godt integreringsarbeid føreset heilskapleg innsats på tvers av kommunale tenester som flyktningteneste, Nav, opplæring, helse- og barne- og familietenester. Kommunen har ansvar for å leggje til rette for samarbeid, tydelege ansvarsforhold og felles mål.

Statsforvaltaren har ei rolle i å følgje opp kommunane sitt arbeid gjennom rettleiing, tilsyn og klagehandsaming, men det er kommunen som har det overordna ansvaret for gjennomføring og kvalitet på tenestene lokalt.

Klagesaker – kva skal følgje med?

For at vi skal kunne behandle ei klagesak effektivt, er det viktig at kommunen sender med nødvendig dokumentasjon:

  • søknaden med eventuelle vedlegg
  • enkeltvedtaket som flyktningen/deltakaren/innbyggaren har klaga på
  • klagen med eventuelle vedlegg
  • kommunen si vurdering av klagen
  • integreringsplan eller norskplan
  • anna relevant dokumentasjon, som journalnotat og opplysingar frå NIR

Ta kontakt viss du treng rettleiing

Vi gir rettleiing, fører tilsyn og behandlar klager etter integreringslova for deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk- og samfunnskunnskap.

Vi oppnemner også representantar og verjer for einslege mindreårige flyktningar.

Rettleiingsplikta vår gjeld etter saksområde, og ikkje etter personkrins. Det betyr at alle – kommunar, skular, mottak, innbyggarar – kan kontakte oss for rettleiing, så lenge spørsmåla gjeld integreringslova og -forskrifta.

Det er kommunen som gjer vedtak etter integreringslova, til dømes gjennom flyktningtenesta/innvandrartenesta, eit Nav-kontor eller vaksenopplæringa.