Om Statsforvaltaren

Oppdatert 4. juni kl. 10:09

Statsforvaltaren er statens representant i fylket og skal sikre at lover og nasjonale vedtak blir følgt i heile landet. Gjennom tilsyn, klagebehandling og samordning av statlege oppgåver bidreg statsforvaltaren til rettstryggleik og likebehandling av innbyggjarane i Noreg.

Vel underside
For deg som privatperson

Ei av oppgåvene til Statsforvaltaren er å sørgje for at du som innbyggar får rettane du har krav på frå det offentlege. Vi er ofte klageinstans når du klagar på eit kommunalt vedtak. Vi har fleire tenester retta mot deg som privatperson, og vi gir også rettleiing innanfor våre fagområde.

For kommunar og tenesteaktørar

Statsforvaltaren er eit viktig bindeledd mellom kommunar og sentrale styresmakter. Gjennom tilsyns- og kontrollarbeid ser vi til at kommunar og tenesteaktørar leverer gode og forsvarlege tenester. Vi rettleier, kursar og øver målgruppene våre på mange fagområde. I tillegg er det ofte vi som behandlar klager på eit vedtak eller ei teneste. Vi forvaltar dessutan ei rekke tilskot som kommunar og andre kan søke på.

For bedrifter, næringar og organisasjonar

Driv du næring eller representerer ein organisasjon, har Statsforvaltaren tilskots- og erstatningsordningar du kan søke på. Vi gir også rettleiing innanfor våre fagområde. Nokre bedrifter må dessutan søke til oss for å få visse løyve. Statsforvaltaren betaler også ut salær til advokatar og rettshjelparar som har gitt fri rettshjelp.

Organisasjonen vår

Embetsleiinga

Else-May Botten (t.v) er statsforvaltar, og Rigmor Brøste er assisterande statsforvaltar.  

Else-May Botten og Rigmor Broste

To verksemdområde

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har to verksemdområde, sosial berekraft og berekraftig naturbruk. 

Tone Monsen Aarø er områdedirektør for sosial berekraft. Frank Madsøy er områdedirektør for berekraftig naturbruk. 

Tone Monsen Aaro og Frank Madsoy

Dei to verksemdsområda har kvar fem seksjonar. Kvar seksjon har er leiia av ein underdirektør: 

  • Sosial berekraft 
    • Utdanning - Maren Ørjasæter
    • Helse - Karin M. Mikaelsen
    • Verjemål - Kjersti Bakken
    • Rettstryggleik i omsorg - Grete Teigland
    • Sosial og familie - Ann-Lilly Orvik

  • Berekraftig naturbruk
    • Naturforvaltning - Linda Aaram
    • Forureining - Christian Dahl 
    • Plan og klima - Ulf Lucasen
    • Landbruk - Brit Kari E. Hauger
    • Justis og beredskap - Gunnhild Anett Naas

Vi har i tillegg ein stab for verksemdsstøtte