Ei av oppgåvene til Statsforvaltaren er å sørgje for at du som innbyggar får rettane du har krav på frå det offentlege. Vi er ofte klageinstans når du klagar på eit kommunalt vedtak. Vi har fleire tenester retta mot deg som privatperson, og vi gir også rettleiing innanfor våre fagområde.
Statsforvaltaren er eit viktig bindeledd mellom kommunar og sentrale styresmakter. Gjennom tilsyns- og kontrollarbeid ser vi til at kommunar og tenesteaktørar leverer gode og forsvarlege tenester. Vi rettleier, kursar og øver målgruppene våre på mange fagområde. I tillegg er det ofte vi som behandlar klager på eit vedtak eller ei teneste. Vi forvaltar dessutan ei rekke tilskot som kommunar og andre kan søke på.
Driv du næring eller representerer ein organisasjon, har Statsforvaltaren tilskots- og erstatningsordningar du kan søke på. Vi gir også rettleiing innanfor våre fagområde. Nokre bedrifter må dessutan søke til oss for å få visse løyve. Statsforvaltaren betaler også ut salær til advokatar og rettshjelparar som har gitt fri rettshjelp.
På styringsportalen kan du sjå alle oppdraga og årsrapportane våre. Statsforvaltaren er administrativt lagt inn under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.