I brukarportalen for trus- og livssynssamfunn kan du mellom anna
- krevje tilskot
- søke om å få registrere eit nytt trus- og livssynssamfunn
- sjekke utbetalte statstilskudd
Fristar
- 1. mars : Krevje tilskot og laste opp medlemsliste.
- 15. mars : Korrigere medlemslista og laste ho opp på nytt.
- 10. april : Sende inn årsrapport og rekneskap. Samfunn som fekk over 300 000 kr i statleg tilskot i året som gjekk, skal også sende revisorberetning.
Statstilskotet blir rekna ut frå kor mange tilskotsteljande medlemer samfunnet har.
Rettleiing for brukarportalen
Ja, alle trus- og livssynssamfunn må bruke brukarportalen for å
- søke om registrering
- sende inn medlemsliste
- sende inn krav om tilskot
- sende inn årsrapport, rekneskap og revisorberetning
- søke om godkjent vigslar
Det er berre Statsforvalteren i Agder og Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus som behandlar saker etter trussamfunnslova for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja.
- Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus behandlar sakene i sine fylke.
- Statsforvalteren i Agder har ansvar for sakene til samfunna i resten av landet.
Statstilskotet blir utbetalt i løpet av hausten.
Tilgang, brukarar og registrering
Desse kan søke om tilgang:
- Ein person som er registrert i Einingsregisteret, til dømes styreleiaren, eit styremedlem, dagleg leiar eller liknande.
- Viss eit anna medlem skal søke om tilgang, må styreleiaren, eller tilsvarande i samfunnet som også har ei rolle i Einingsregisteret, gi personen fullmakt. Medlemen må laste opp fullmaktsskjemaet når hen søker om rolletilgang til portalen: Fullmaktsskjemaet (regjeringa.no)
Logg deg inn via ID-porten (BankID eller liknande) og legg inn organisasjonsnummeret. Då kjem det opp to val:
- «Søk om rolletilgang». Er trus- eller livssynssamfunnet registrert frå før, vel du dette alternativet.
- «Søk om registrering». Er samfunnet heilt nytt, vel du dette alternativet. Du får opp eit skjema der du kan søke om registrering og ein automatisk søknad om rolletilgang.
Statsforvaltaren behandlar søknadane fortløpande. Du vil få ein e-post om at søknaden er godkjent.
Det er lurt, og mindre sårbart, om fleire medlemmer har tilgang til brukarportalen. Statsforvaltaren godkjenner den første søknaden. Deretter godkjenner de sjølv andre medlemer som skal ha tilgang. Dette kan de gjere slik:
- Medlemen som skal ha tilgang fyller ut Fullmaktsskjema (regjeringen.no), loggar seg inn i løysinga via ID-porten og lastar opp fullmaktsskjemaet for å søke om tilgang.
- Den som allereie har fått godkjent rolletilgang, loggar seg deretter inn i brukarportalen, og gir dei andre søkarane tilgang ved hjelp av knappen «Godta» og «Søknad om rolletilgang».
Det gjer du i brukarportalen.
Gå til «brukartilgangar», vel «Godkjende brukarar» og deretter knappen «Deaktivere brukar».
Du må ha eit organisasjonsnummer.
- For å bli registrert som eit trus- eller livssynssamfunn etter trussamfunnslova må det vere minst 100 teljande medlemer.
- Send elektronisk melding om registrering i Einingsregisteret- Brønnøysundregistera, for å få organisasjonsnummer.
- Logg inn i brukarportalen for trus- eller livssynssamfunn via ID-porten.
- Vel «Søk om registrering». Du får opp eit skjema der du kan søke om registrering og ein automatisk søknad om rolletilgang.
- Fyll ut skjemaet «Søknad om registrering».
- Last opp medlemsliste.
- Så snart Statsforvaltaren har godkjent rolletilgangen, kan samfunnet fremje krav om tilskot.
Tilskot, medlemslister, rapportering og tilleggsinformasjon
Først når samfunnet er registrert og du har lasta opp medlemslista, kan du sende inn krav om tilskot.
I brukarportalen:
- Fyll ut «Nytt krav om tilskot»
- Trykk på «Send inn krav»
Ei kvittering på det innsende kravet blir sendt til e-postadressene som er registrerte i brukarportalen.
Slik lastar du opp medlemslista
Last opp ei liste med medlemenes fødselsnummer (11 siffer) i den digitale løysinga. Lista skal berre innehalde fødselsnummera til medlemer per 1. januar i år. Fødselsnummera skal listast fortløpande nedover, utan mellomrom, eitt på kvar rad i XLSX (Excel) eller CSV-format. Merk i Excel:
- Kolonna må vere gjort om til tekst før du skriv eller kopierer fødselsnummera inn.
- Lista starter på rad 1, som inneheld det første fødselsnummeret.
- Det skal ikkje vere mellomrom mellom dei enkelte siffera i fødselsnummeret og heller ikkje bak det siste talet i fødselsnummeret.
- Det skal ikkje vere tomme radar mellom fødselsnummera.
Døme:
01087211111
01087222222
01087233333
Systemet førehandskontrollerer lista som er lasta opp, for å avdekke eventuelle ugyldige fødselsnummer og duplikat. Dette blir markert med eigne boksar for gyldige og ugyldige fødselsnummer.
Slik korrigerer du medlemslista
Er nokre av fødselsnummera ugyldige, kan samfunnet rette desse innan fristen:
- Klikk på knappen «Medlemsliste» for å sjå kva fødselsnummer som er ugyldige.
- Opne originalfila med medlemslista.
- Korriger dei ugyldige fødselsnummera.
Last opp medlemslista på nytt.
Du må kontrollere, eventuelt oppdatere og bekrefte kontaktopplysningene for samfunnet før du kan laste opp medlemsliste og fylle ut kravskjemaet.
Dersom det er endringer i styresammensetning, må dette oppdateres hos Brønnøysundregistrene (brreg.no) snarest mulig.
Slik bekrefter du kontaktopplysningene til samfunnet:
- Klikk på «Bekreft informasjon» i brukerportalen.
- Kontroller kontaktinformasjonen, og oppdater dersom samfunnet har fått ny kontaktinformasjon. Riktig kontaktinformasjon sikrer at samfunnet mottar viktig informasjon fra Statsforvalteren.
- Klikk på blå knapp «Bekreft».
Éin gang i året kontrollerer Brønnøysundregistera medlemslistene til alle trus- og livssynssamfunna som søker om registrering og krev tilskot. Når kontrollen er ferdig, vil samfunnet sjå resultatet under knappen «Medlemsliste».
Medlemslista blir kontrollert mot Folkeregisteret, Den norske kyrkja sitt medlemsregister og medlemslistene til andre trus- og livssynssamfunn. Kontrollen viser kor mange teljande medlemer samfunnet har.
Samfunnet vil ikkje kunne få tilskot for personar som
- har ugyldig fødselsnummer
- er døde
- ikkje er busett i Noreg
- er født etter 1. januar i kontrollåret
- har D-nummer
- er dobbeltførte på medlemslista
- er oppførte i flere trus- eller livssynssamfunn
Årsrapport
Alle trus- og livssynssamfunn skal levere årsrapport, med unntak av heilt nye samfunn. Årsrapportskjemaet finst i brukarportalen. Det skal de fylle ut og sende inn.
Dersom eit felt ikkje er fylt ut i løpet av 20 minutt, vil innhaldet automatisk forsvinne. Har du i løpet av denne tida gått vidare til det neste feltet, vil innhaldet i det førre feltet bli lagra automatisk.
Samfunnet vil få ei kvittering for innsendt årsrapport til e-postadressene som er registrerte i brukarportalen.
Rekneskap
Året etter samfunnet har fått statstilskot, er det rekneskapspliktig og skal derfor sende inn rekneskap. Rekneskapen skal
- vere signert av styreleiar eller annan person som representerer trus- eller livssynssamfunnet
- innehalde ei spesifisert oversikt over alle inntekter og utgifter
- vise kva samfunnet har brukt tilskotet til
Vi anbefaler å laste opp rekneskapen som éi fil.
Samfunnet vil få ei kvittering for innsendt rekneskap til e-postadressene som er registrerte i brukarportalen.
Bidrag frå utlandet
Dersom samfunnet har fått bidrag på 50 000 norske kroner eller meir fra éin eller fleire givarar i utlandet, har samfunnet plikt til å opplyse om dette i ein note til rekneskapen.
Samfunnet skal opplyse kva land de fekk bidraget/bidraga frå, og summen av alle bidrag fra givarar i dette landet.
Med bidrag meiner vi pengestøtte og verdien av varer, tenester og andre tilsvarende ytingar.
Revisorberetning
Dersom samfunnet fekk meir enn 300 000 norske kroner i statstilskot i fjor, skal ein statsautorisert revisor revidere rekneskapen. Opplastningsfeltet for «Revisors beretning» blir då gult.
Samfunnet vil få ei kvittering for innsendt revisorberetning til e-postadressene som er registrerte i brukarportalen.
Statsforvaltaren vil kontakte dykk viss det mangler noko i rapporteringa.
På hovudsida til samfunnet vil det vere mogleg å laste opp tilleggsdokumentasjon under funksjonen «Send inn tilleggsinformasjon».
Denne funksjonen kan mellom anna brukast til:
- Ettersending av dokumentasjon – til dømes i tilfelle der Statsforvaltaren har etterspurt opplysingar/dokumentasjon.
- Søknad om dispensasjon for alderskrav til vigslar – gjeld samfunn som har vigselsmyndigheit, og vigslaren nærmar seg aldersgrensa på 75 år.
- Klage på Statsforvaltarens vedtak.
- Melding til Statsforvaltaren – til dømes viss samfunnet har behov for å søke om utsett frist for å sende inn årsrapport, rekneskap og/eller revisorberetning.
Samfunnet vil få ei kvittering for innsendt tilleggsinformasjon til e-postadressene som er registrerte i brukarportalen.
Trossamfunnsloven paragraf 5 sier at samfunn som mottar statstilskudd, skal arbeide for å få minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i det styrende organet som forvalter tilskuddet.
Dette er ikke et krav om at organet faktisk må ha 40/40 nå. Kravet er at samfunnet må ha minst ett tiltak for å prøve å oppnå dette. Dette kalles aktivitetskravet, og det gjelder fra 1. januar 2026.
Dette betyr:
- Tros- og livssynssamfunn trenger ikke å rapportere om tiltak i årsrapporten for 2025.
- Tros- og livssynssamfunn mister ikke tilskudd på grunn av manglende tiltak i 2025.
Hva skriver du i årsrapporten for 2025?
Velg «Nei» hvis samfunnet i 2025 verken hadde eller planla tiltak for å oppnå bedre kjønnsbalanse i det styrende organet.
Fra og med årsrapporten for 2026 (som sendes inn i 2027) må tros- og livssynssamfunn rapportere på arbeidet med å bedre kjønnsbalansen. Samfunnet må kunne opplyse om minst ett tiltak som enten er iverksatt eller planlagt.
Eksempler på tiltak kan være:
- Mentorprogram for underrepresentert kjønn
- Krav om kjønnsbalanse i valglister
- Verv reservert for underrepresentert kjønn
- Informasjon/kampanje for å få flere til å stille til valg
- Vedtektsendringer som fremmer kjønnsbalanse
Hvis samfunnet har svært skjev kjønnsbalanse blant medlemmene, kan tiltak for å rekruttere flere medlemmer av underrepresentert kjønn også være nok. Hvis samfunnet allerede har minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn, kan det være nok å arbeide for å beholde den gode kjønnsbalansen. Beskriv da kort om hva dere gjør for å beholde kjønnsbalansen.
Unntak: Stillinger og verv der forskjellsbehandling på grunn av kjønn er lovlig etter likestillings- og diskrimineringsloven paragraf 9 (lovdata.no), er ikke omfattet av aktivitetskravet.
Hvis eksempelvis 2 av 7 styremedlemmer må være menn og dette er lovlig forskjellsbehandling, skal samfunnet arbeide for minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn blant de 5 andre styremedlemmene.
Aktivitetskravet gjelder bare for samfunn som krever og mottar statstilskudd etter trossamfunnsloven. Velg «nei» i brukerportalen dersom samfunnet ikke krever statstilskudd etter trossamfunnsloven.
Om vigslarar
Berre samfunn som har eit godkjent vigselsritual, kan søke om å få godkjent vigslarar. Samfunn som ønskjer å få godkjent vigselsritual, må kontakte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Når samfunnet har fått godkjent eit vigselsritual, vil det vere synleg i brukarportalen at de har vigselsmyndigheit, og datoen de fekk vigselsmyndigheita.
Eit medlem som har godkjent rolletilgang, kan søke i brukarportalen om å få godkjent vigslar, anten på vegner av seg sjølv eller eit anna medlem.
Den som skal godkjennast som vigslar, må fylle ut skjemaet: Erklæring fra den som skal vere vigslar i et trus- eller livssynssamfunn. Erklæringa skal lastast opp som eit vedlegg til søknaden. Vigslaren må vere mellom 23 og 75 år, og busett i Noreg. Personen må ha tilstrekkeleg kjennskap til det norske samfunnet og gode nok norskkunnskapar for å kunne utføre vigslarens oppgåver etter ekteskapslova.
Hovudregelen er at vigselsretten opphøyrer når vigslaren fyller 75 år.
Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå alderskravet, dersom samfunnet søker om det. Søknaden må sendast inn seinast tre månader før vigslaren fyller 75 år.
Dersom Statsforvaltaren godkjenner dispensasjonssøknaden, vil godkjenninga gjelde for eitt år om gongen. De må fremje ein eventuell ny dispensasjonssøknad seinast tre månader før den eittårige dispensasjonsperioden går ut.