Skjenkebevilling om bord i skip

Oppdatert 4. juni kl. 08:56

Viss du skal selje eller servere alkohol på eit skip som fraktar passasjerar, treng du statleg skjenkeløyve. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for alkoholservering om bord

Statleg skjenkeløyve gir rett til å skjenke alkoholhaldig drikke om bord i:

  • skip som går i rute, har faste tider og er opne for allmenta
  • cruiseskip på turar med minst éi overnatting

Løyvet gjeld berre for skjenking til passasjerar, men kan også gjelde skjenking til mannskap og andre som følgjer skipet dersom føraren (vanlegvis kapteinen) gir samtykke til det. Det er ikkje tillate å skjenke besøkande når skipet ligg til kai.

Med statleg skjenkeløyve kan du skjenke:

  • alkoholhaldig drikke i gruppe 1 og 2 (under 22 prosent alkohol)
  • alkoholhaldig drikke i gruppe 3 (brennevin)

Skjenking av brennevin (gruppe 3) er berre tillate viss skipet går mellom Noreg og utlandet eller går i kystfart meir enn fire dagar.

Endring av skjenkeløyve

Dersom det skjer endringar i forhold som ligg til grunn for skjenkeløyvet, skal dette meldast til Statsforvaltaren utan ugrunna opphald.
Det skal sendast melding ved endringar i mellom anna:

  • skip som er omfatta av løyvet
  • ruteområde eller farvatn
  • skjenkeperiodar eller sesong
  • styrar eller stedfortredar

Når skal endring meldast?

Endringar skal meldast så snart dei er kjende, og før endringa trer i kraft, dersom dette er mogleg. Skjenkeløyvet gjeld berre på dei vilkåra som er godkjende, og endringar kan ikkje takast i bruk før dei er vurderte av Statsforvaltaren.

Endring skal meldast skriftleg til Statsforvaltaren. Meldinga skal innehalde:

  • kva for skjenkeløyve endringa gjeld
  • ei tydeleg skildring av kva som blir endra
  • dato for når endringa er meint å tre i kraft
  • eventuell dokumentasjon, til dømes: stadfesting på ny styrar eller stedfortredar oppdatert oversikt over ruter eller periodar

Meldinga kan sendast via e‑post eller digital postkasse:

Melding frå bedrift/organisasjon til Statsforvaltaren (Altinn)
Melding frå privatperson til Statsforvaltaren (Altinn)

Vurdering av endringar

Statsforvaltaren vurderer om endringa kan godkjennast innanfor eksisterande løyve, eller om det er behov for ny behandling eller nytt løyve. Manglande melding om endringar kan føre til brot på vilkåra for skjenkeløyvet.

Nyttig info

Hvis skipet blir brukt som restaurant når det ligg ved kai, eller går på kortare turar som dagsturar og kveldscruise, må du søkje om kommunalt skjenkeløyve. Det same gjeld viss skipet har anløp i fleire kommunar og skjenking skjer i kvar kommune. 

Du kan ha både statleg og kommunalt løyve, men ikkje for same tidsrom. Det må vere eit klart skilje mellom kvart løyve.

Du sender søknaden til Statsforvaltaren i det fylket der skipet vanlegvis har basen sin eller der rederiet har hovudkontor. Søknaden må innehalde: 

  • namn og organisasjonsnummer på verksemda
  • namn på skipet og ruteplan
  • ei skildring av verksemda om bord
  • informasjon om kva alkoholgrupper de søker om løyve for
  • namn og kontaktinformasjon til styrar 
  • dokumentasjon på vandel og kunnskapsprøve 

Send søknaden på e-post til postmottak. Viss søknaden inneheld personsensitive opplysningar, kan du finne eit skjema på denne sida.

Når vi behandlar søknaden, kan vi be om meir dokumentasjon og hente inn informasjon frå relevante myndigheiter. 

Vi fastset gebyr for løyvet og kan også setje andre vilkår viss vi mener det er nødvendig.

Vi har også ansvar for å føre kontroll med at løyvet vert brukt i tråd med alkohollova. 

  • Løyvet gjeld berre i norsk farvatn.
  • Utanlandske skip som berre trafikkerer norske farvatn og tar ombord passasjerar i Noreg, må også ha løyve.
  • Skip registrert i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) treng ikkje løyve når dei seglar utanfor norsk territorialfarvatn.